Risikostyring
Banken sine forretningsaktivitetar fører til at verksemda er eksponert for ei rekkje finansielle risikoar. Banken si målsetting er å oppnå ein balanse mellom avkastning
og risiko, og å minimalisera potensielle negative verknader på banken sitt finansielle resultat.
Banken si finansielle risikostyring er etablert for å identifisera og analysera desse risikoane, samt å etablera passande risikorammer og -kontrollar, og å overvaka at
reglane vert haldne gjennom bruk av pålitelege og oppdaterte informasjonssystem. Banken vurderer jamleg dei etablerte retningslinjene for risikostyring og systemet
som er etablert for å sikra at endringar i produkt og marknad vert reflektert i risikorammene.
Ansvaret for banken si risikostyring og kontroll er delt mellom banken sitt styre og leiinga. Styret vedtek banken sine mål og rammestruktur innanfor alle risiko-
område, herunder retningslinjer for styring av risiko.
Banksjef har ansvaret for den samla risikostyringa i banken. Alle vedtak knytt til risiko og risikostyring vert normalt fatta av banksjef i samråd med øvrige medlemmer
i banken si leiing. Økonomisjef har ansvar for utvikling av modellar og rammeverk for styring og kontroll i banken.
Alle leiarar i banken har ansvar for å styra risiko og sikra god internkontroll innanfor eige område i tråd med banken sin vedtekne risikoprofil.
Kredittrisiko
Banken tek kredittrisiko, som er risikoen for at motparten vil påføra banken eit tap ved ikkje å gjere opp banken sitt tilgodehavande. Kreditteksponering er primært
knytt til uteståande lån og gjeldspapir. Det er også kredittrisiko knytt til "off-balance" finansielle instrument som lånetilsagn, garantiar og unytta kredittar.
Sjå note 6-13 for vurdering av kredittrisiko.
Likviditetsrisiko
Risikoen for at banken ikkje er i stand til å innfri sine plikter ved forfall, samt risikoen for at banken ikkje klarer å møta sine likviditetsplikter utan at kostnaden vert
dramatisk auka. I eit breiare perspektiv inneheld likviditetsrisiko også risiko for at banken ikkje er i stand til å finansiera auke i eignelutar etter kvart som trongen for
refinansiering aukar.
Sjå note14 for vurdering av likviditetsrisiko.
Marknadssrisiko
Banken er eksponert for marknadsrisiko, som er risikoen for at verkeleg verdi av framtidige kontantstraumar knytt til finansielle instrument vil verta endra p.g.a.
endringar i marknadsprisar. Marknadsrisiko er knytt til opne posisjonar i rente-, valuta og aksjeprodukt som er eksponert mot endra marknadsprisar i volatiliteten i
prisar som rentesatsar, kredittspreadar, valutakursar og aksjeprisar.
Sjå note 25 - 28 for vurdering av marknadsrisiko.
Operasjonell risiko Risikoen for tap som skuldast dårlege eller feil i prosessar og system, feil som tilsette gjer, eller eksterne hendingar.
Forretningsrisiko Risiko for tap på grunn av endringar i eksterne forhold som marknadssituasjon eller reguleringar frå styresmaktene. Risikoen inkluderer òg
omdømmerisiko.
ESG risiko
Risiko relatert til miljø, samfunnsansvar og selskapsstyring inngår i ESG risiko. Deriblant også klimarisiko. Klimarisiko omfattar risiko for auka kredittrisiko og
finansielle tap for banken som fylgje av klimaendringar. Banken føretek årleg gjennomgang av risiko i banken der ESG og klimarisiko inngår.
Det er fyrst og fremst relatert til utlån til bedriftsmarknaden at det er identifisert at banken er utsett for klimarisiko. Dette er både relatert til fysisk risiko, men også
overgangsrisiko frå dagens situasjon til eit lågutsleppssamfunn. Difor er vurdering av berekraft og klimarisiko integrert i banken sin kredittprosess. Sidan banken
ikkje er eksponert mot blant anna olje- og gassnæringa vert næringseigedom, bygg og anlegg samt landbruk sett å vera dei sektorane som har høgast ibuande
klimarisiko i banken si portefølje. Samtidig er det store moglegheiter for positiv påverknad i desse bransjane.
Compliance (etterleving)
Compliancerisiko er risikoen for at banken pådreg seg offentlege sanksjonar/bøter eller økonomiske tap som fyljge av manglande etterleving av lover og forskrifter.
Banken vektlegg gode prosessar for å sikre etterleving av gjeldande lover og forskrifter. Styret vedtek banken sin compliance-policy som skildarar hovudprinsippa for
ansvar og organisering. Det vert arbeida kontinuerleg med å vurdera beste tilpasning til nye reguleringar og nytt regelverk for både å ivareta etterleving og effektivitet
i organisasjonen. Nye reguleringar og nytt regelverk som påvirkar drifta skal fortløpande inkluderast i rutinar og retningslinjer.
Aktiviteten på compliance-området har vore stor i seinare år, særleg knytt opp mot krava innan kvitvasking og GDPR. Banken har implementert spesifikke rutinar og
retningslinjer for å sikre etterleving, og jobbar aktivt for å oppretthalde og vidareutvikle dei tilsette sin kompetanse på området.
Konsentrasjonsrisiko
Konsentrasjonsrisiko er risikoen for at banken har eksponering mot debitorar eller verdipapir med like økonomiske eigenskapar , eller mot kundar som er involverte i
samanliknbare aktivitetar, der desse likskapane kan føre til at dei samstundes får problem med å oppfylle betalingspliktene sine, eller at verdiane svingar i takt. Dette
inneber at dersom éin kunde får problem, kan potensielt mange kundar få problem som følgje av desse likskapane.
For å vurdere og styre konsentrasjonsrisiko vurderer banken følgjande forhold i utlånsportefølja:
* Store einskildkundar
* Enkeltbransjar (næringsgrupper med særskilde utfordringar eller sykliske næringar)
* Geografiske område
* Tryggleik med same risikoeigenskapar (til dømes avhengig av eigedomsprisar)
Banken nyttar same metode som Finanstilsynet for utrekning av konsentrasjonsrisiko for individuell risiko og bransjerisiko. Banken har ein ikkje uvesentleg
konsentrasjon knytt til engasjement innan finansiering av eigedomsinvesteringar. Totalt 50,80 % (47,71 %) av banken sine engasjement mot næringslivet har
tilknyting til eigedomsselskap og eigedomsdrift per 31. desember 2025
I tillegg vurderer banken konsentrasjonsrisiko knytt til store einskildengasjement. Banken definerer store engasjement som engasjement som overstig 10 % av